Ny kvitvaskingslov og -forskrift
Måndag den 15. oktober 2018 vert ny kvitvaskingslov med forskrifter
gjeldande. Då vert eg rapporteringspliktig etter kvitvaskingslova.
Det vil fyrst og framst seie at eg må identifisere alle eg handlar med
etter rigide reglar.
Eg har hatt korte fristar på alt. Finansdepartementet har skrive i
forskrifta at "tilbydere av vekslingstjenester" er
rapporteringspliktige, medan lova seier "vekslingsplattformer". Det
er ikkje det same. Finanstilsynet har vore veldig seine med å komme
med attendemelding om kva dei meiner er rapporteringspliktig, og
konsekvensane for autokjøp-systemet vart ikkje klart før på slutten av
denne veka, når eg var eg på haustferie med familien. Slik går det
når departementet har hastverk, og ikkje har tenkt gjennom noko som
helst.
Konsekvensen er at eg er nøydd til å samle inn ein heil del meir
personinformasjon enn eg ynskjer. Eg lovar å ta godt vare på det du
sender meg. Eg vil lagre det på ein kryptert partisjon som berre eg
har passfrasen til, like sikkert som eg lagrar mi eiga
bitcoin-lommebok. Det vil berre vere tilgjengeleg for meg, og ikkje
delast med nokon andre, med mindre lova krev det. Eg må ta vare på
dokumentasjonen i fem år etter at siste transaksjon er fullført.
For at du skal kunne kjøpe bitcoin av meg, eller selje bitcoin til
meg, etter midnatt til 15. oktober 2018, treng eg fylgjande av deg:
- Eit godt bilete eller scan av gyldig pass eller førarkort.
- Adresse.
- Telefonnummer.
Andre former for ID, som bankkort eller studieprov, er ikkje godkjent.
Skriv adressa som ho står på eit brev.
Dersom du handlar bitcoin for meir enn 100.000 kroner til saman, må eg
ringe deg eller avtale ei videosamtale med deg, der du syner meg
originalen av dokumentet du sendte inn. Dette er eg òg pålagd etter
lov, forskrifter og rundskriv, som eg har lese mykje av dei siste
dagane.
Om kort tid reknar eg med å ha oppe ein handelsplattform der du kan
registrere deg med BankID, men no vart fristen for kort.
Dersom du vil sende meg bilete av pass eller førarkort via epost, kan
du gjerne kryptere eposten med PGP. Nøkkelen min finn du
her. Du kan òg sende meg ein attestert kopi
av passet i papirpost. Då vil eg ikkje lagre det elektronisk.
Send dokumentasjon til sturle@bitmynt.no eller Sturle Sunde,
Sørstrandvegen 6, 6906 Florø
Mini-FAQ:
- Rapporterer du alle transaksjonar?
Nei, eg har plikt til å undersøkje transaksjonar som eg mistenkjer
kan vere knytt til kvitvasking eller terrorfinansiering. Dersom
undersøkingane mine ikkje avkreftar mistanken, må eg rapportere
transaksjonen til Økokrim.
- Kven kan sjå informasjonen eg har sendt inn?
Berre eg sjølv. Eg delar han ikkje med nokon andre, med mindre eg får
pålegg om å dele han med politiet i samband med ei etterforskning.
Finanstilsynet kan komme på tilsyn og krevje å få sjå dokumentasjonen
min, for å sjekke at eg fylgjer rutinene mine. Når eg ein vakker dag
får bankkonto til å starte firma, må du identifisere deg på nytt med
nye vilkår, der selskapet får tilgang til informasjonen. Dersom eg
har gjort spesielle notatar utanom den informasjonen du har sendt inn,
til dømes om du er ein politisk eksponert person eller kvifor det
ikkje er mistenkjeleg at du har ein haug bitcoin, kan eg la den
informasjonen gå vidare inn i selskapet.
- Kor lenge lagrar du dokumentasjonen?
Lova krev at eg lagrar identifikasjons-dokumentasjon i fem år etter
vår siste transaksjon.
- Eg har oppretta ei autokjøp-avtale der pengane går til ein
tredjepart. Må mottakar av pengane sende dokumentasjon?
Nei. Dersom du vil påta deg ansvaret for autokjøp-avtaler med
utbetaling til andre enn deg sjølv, er det heilt i orden. Eg krev
ikkje at mottakar av pengane skal vere identifisert. Dette gjeld
både nye og eksisterande adresser. Eg krev berre at avtala skal
vere knytt til nokon med verifisert identitet.