Pressemelding:

Sunde bitmynthandel får ikkje bedriftskonto, saksøkjer Sparebanken Sogn og Fjordane

Etter at vekslingstenester for virtuell valuta vart rapporterings- og registreringspliktige etter kvitvaskingslova, vart Sunde bitmynthandel registrert på fyrste registreringsdag. Då har Finanstilsynet gjennomgått og godkjent kvitvaskingsrutinene. Slik godkjenning gjer ingen skilnad for Sparebanken Sogn og Fjordane, som skriv i avslaget til Sturle Sunde i Florø:

Banken har i dag ikkje system som set oss i stand til å gjennomføre kundekontroll og følgje transaksjonane slik vi er pålagde etter kvitvaskingsregelverket.

Det er oppsiktsvekkjande at banken ikkje har system for å gjennomføre kundetiltak etter kvitvaskingslova, eit krav Sturle Sunde oppfyller frå sofaen heime i Florø.

Då Finanstilsynet godkjende Sunde bitmynthandel som vekslingsteneste for virtuell valuta, skreiv Finanstilsynet:

Som registrert veksler av virtuell valuta er virksomheten nå underlagt tilsyn, og Finanstilsynet forventer at driften skjer over bedriftskonto der alle transaksjoner har tilknytning eksklusivt til virksomheten. Vi forutsetter at slik konto etableres snarlig etter registrering.

I innstillinga til ny kvitvaskingslov uttalte ein samla stortingskomité:

Komiteen er på det reine med at alle borgarar i eit moderne samfunn både har trong til og rett til bankkonto. Bankane sitt høve til å avvise kundeforhold bør vere svært avgrensa og må vere ein utveg som kjem på tale fyrst når andre tiltak er uttømde.

Retten til å drive næring er grunnlovsfesta (grl. § 110) i Noreg. Bankkonto er i praksis eit vilkår for å drive næring, som Finanstilsynet understrekar med sitt krav.

No har eg søkt om bedriftskonto i meir enn fem år, og har berre avslag og manglande svar å vise til. Både prisen og risikoen med ei rettssak mot ein motpart med nesten uavgrensa middel er høg, men eg ser ingen annan utveg enn å be Sogn og Fjordane tingrett om å vurdere om banken er friteken frå å ha system for å gjennomføre kundetiltak, og om alle andre tiltak er uttømde, seier Sturle Sunde.


Florø, 3. april 2019
Sturle Sunde, sturle@bitmynt.no, https://bitmynt.no/
(+47) 57 02 18 56